Gå til toppen

Gym og testing

GymBarneombodet får ein del spørsmål frå born og unge som gruer seg til gymtimen.

Dei fortel at læraren stadig skal teste dei, og at dei får karakter etter kor høgt dei hoppar, kor fort dei spring eller kor gode dei er til å spele fotball.

Målet med faget
Læreplanen for gym set dei måla som elevane skal nå. Det står i læreplanen at elevane skal vise kor godt dei forstår faget.

Innsatsen til elevane skal telje med i karakteren. Læraren skal se på om eleven prøver å løyse oppgavane så godt eleven kan utan å gi opp, viser at han eller hun kan jobbe sjølvstendig og presser seg sjøl for å klare ting.

Det betyr noko anna enn kor gode elevane er på fysiske testar.Utdanningsdirektoratet har skreve at lærarane skal vere forsiktige med å bruke testar. Gym skal inspirere elevane til fysisk aktivitet. Ein elev som er funksjonshemma kan òg klare å få toppkarakter i faget.

Lenke til Utdanningsdirektoratets side om testar i gym

Å leggje til rette
Alle lærarane skal leggje til rette for elevane sine. Det gjeld òg for gym. Gymlæraren skal hjelpe deg til å lykkast. Då må han ta omsyn til kven du er og korleis du får vist deg fram best mogleg.

Dersom ein elev gruer seg så mykje til gymtimane at han ikkje kan prestere, så må eleven ta det opp med skulen. Då må skulen finne ei løysing. Ikkje alle kan meistre det same, men alle skal få vise fram sitt potensial.

Klage
Dersom skulen din ikkje legg til rette, eller læraren berre er opptatt av kor fort elevane spring og kor høgt dei kan hoppe, så kan du ta det opp med skulen.

Du kan be rektor om å dokumentere korleis du er vurdert opp mot dei måla som er sett i læreplanen. Du kan også be foreldra dine om å snakke med skulen. Saman finn de ei løysing.

Her kan du lese mer om å klage.