Gå til toppen

Mobbing på skulen

ill_rettighetDu har rett til å ha det bra på skulen.

Det betyr for eksempel at du har rett til å bli beskytta mot mobbing.

Mobbing er ikkje lov.

Viss det skjer mobbing på skulen eller på skulevegen, er det rektor sitt ansvar å stoppe det.

Retten til å ha det bra på skulen gjeld også på skulevegen og skulebussen.

Kva må rektor gjere når nokon blir mobba?
Når ein elev seier frå om at det ikkje er bra på skulen, så må rektor

  • tru på den som sier frå
  • lage ein plan for kva skulen skal gjere for å løyse saka
  • ikkje bruke meir enn tre veker på å lage planen
  • seie frå at den som blir mobba kan klage til Fylkesmannen hvis planen rektor har laga er for dårlig eller ikkje virkar
  • undersøke om planen har virka og mobbinga har stoppa
  • passe på at dei som mobbar ikkje kan mobbe andre
  • seie frå til foreldra til barna som mobbar
  • vurdere om skulen treng hjelp til å stoppe mobbinga

ill_caserVil du klage?

Viss ikke mobbinga stoppar etter at du har sagt frå, bør du og foreldra dine sende ein klage til Fylkesmannen.

Fyll ut denne klagemalen og gi brevet til rektor.

Klagemal mobbing (bokmål)

Klagemal mobbing (nynorsk)

Rektor skal sende klagen videre til Fylkesmannen.

Fylkesmannen er eit kontor i kvart fylke, som har ansvaret for å passe på at skulen følgjer dei lovene og reglane som gjeld på skulen. Fylkesmennene har bedt om å få klagar frå barn og ungdom som ikkje har det bra på skulen.

Fylkesmannen kan også gi deg råd om rettane dine. Her finn du din Fylkesmann.

I opplæringslova § 9a-3  står det at elevar skal bli beskytta mot å bli mobba på skulen.