Gå til toppen

Dusjing etter gymtimen

Kroppsøving er eit fag der ein skal vere fysisk aktiv, oppleve glede og utvikle sjølvkjensle. Nokre elevar synes det å dusje kan vere vanskeleg. Nokre har eit religiøst syn som gjer at dei ikkje ynskjer å dusje nakne saman med andre, og nokre opplever å bli mobba for kroppen sin.

Alle elevar i skulen har rett til å oppleve gleda ved å vere fysisk aktiv. Skulen skal derfor leggje til rett for at alle kan delta. Dei skal også leggje til rette for at elevar kan delta utan å dusje, eller dei skal finne løysingar som gjer at ein elev kan dusje på ein måte som er trygg for den det gjeld.

ill_sporsmalSkulen kan ikkje tvinge deg til å dusje etter gymtimen.

For å kunne tvinge deg til noko, må skulen kunne vise til lover og reglar.

Det står ikkje i nokon lov at ein må dusje etter gymtimen. 

Skulen kan lage reglar om orden og oppførsel, men ikkje om at elevane må dusje.

Sjølv om det kan være gode grunnar til å dusje etter gymtimen, er det altså du sjølv som vel om du vil dusje eller ikkje.

Dei som vil dusje, har krav på å få tid til det etter timen, sjølv om dette ikkje står i lova. Skulen kan altså som regel ikkje nekte elevar å dusje. Læraren som har ansvaret for timen med kroppsøving, skal leggje inn tid til å dusje i slutten av timen, og den læraren som skal være til stades i garderoben skal være same kjønn som dei elevane som er der.

ill_caserSei i frå!

Viss du har lyst til å dusje, men synest det er ubehagelig å dusje med dei andre, kan du snakke med læraren om det er mogleg å dusje før eller etter dei andre.

 

Dersom ikkje dusjforholda er slik dei bør vere kan du sende ei skriftlig klage til rektor på skulen. Skriv kva som er gale og kva du ønskjer at skulen skal gjere. Om du vil kan du óg sende kopi av klagen til kommunelegen eller helsesjefen i kommunen

Om rektor ikkje svarer eller forholda ikkje endras, kan du sende klaga til Fylkesmannen i ditt fylke.

Elevrådet kan óg engasjera seg om dusjforholdane er dårlege. Elevrådsrepresentanten kan til dømes ta opp om skulen kan bygge eigne båsar i dusjrommet.