Gå til toppen

Lekser

Skolen kan gi elevane lekser, slik at elevane kan øve seg på det dei har lært på skolen.

Det står ikkje om lekser i loven – det er det vi kaller sedvane – det har alltid vore slik.

Skolen eller læraren kan òg velje å ikkje gi lekser.

Lenke til artikkel på nrk.no om ein skole som ikkje gir lekser.

Lekser skal ikkje erstatte undervisninga på skolen.

ill_rettighetDu har rett til å vere med på påvirke di eiga læring.

Det betyr at du skal vere med å bestemme korleis du lærer best, og kva nivå på leksene som er rett for deg.

Du har rett til å få lekser som er tilpassa deg.

Det betyr at skolen må ta omsyn til at elevane er forskjellige, og har forskjellige behov.

Skolen skal

  • ikkje gi for mye lekser, eller for vanskelege lekser
  • ta omsyn til korleis den enkelte eleven lærer best. Enkelt lærer godt av lekser, mens andre elevar ikkje bør ha lekser.
  • ta omsyn til at nokre barn har foreldre som ikkje kan hjelpe dei med leksene. Då må skolen sjå om eleven trenger anna hjelp
  • passe på at alle elevar får samme moglegheit til å vise frem sitt beste, og at alle elevar får like god opplæring.
  • passe på at lærarane samarbeidar slik at dei ikkje gir for mye lekser til sammen

 

ill_caserSi ifrå!

Viss du har for mykje lekser, og det går ut over læring og trivsel, bør du ta det opp med kontaktlæraren din.

Kontaktlæraren skal då ta det opp med dei andre lærarane dine, slik at de samen kan finne den løysinga som er best for deg.

 

I opplæringslova § 1-3 står det at skolen skal legge til rette slik at elevane lærer best mogleg.