Gå til toppen

Samarbeidsutval

Alle grunnskolar (1.-10. trinn) skal ha eit samarbeidsutval

Samarbeidsutvalet

  • er samansett av rektor, to elevar frå skolen og representantar for foreldre, lærarar og andre tilsette på skolen
  • er ofte styre for skolen
  • skal passe på at skolen er best mogleg for elevane og dei som jobbar der
  • kan være med på å bestemme korleis skolen skal bruke pengane sine
  • kan meine noko om f.eks. skolereglane, skolegården, korleis undervisninga foregår eller korleis skolen skal jobbe mot mobbing

Rektor skal høyre på råda frå samarbeidsutvalet.

Viss du vil at samarbeidsutvalet skal meine noko om ei sak, kan du seie ifrå til rektor, elevrådet eller foreldra dine.

På vidaregåande skole finst det eigne skoleutval, som fungerar omtrent på samme måte som samarbeidsutvalet i grunnskolen.

I opplæringsloven § 11-1 finn du reglane om samarbeidsutval.

opplæringsloven § 11-5 finn du reglane om skoleutval.