Gå til toppen

Mobbing på nett

Det er skadeleg og ulovleg å krenke nokon på nett og mobil.

Det er ulovleg å

  •  krenke privatlivets fred, for eksempel legge ut eit festbilde av andre
  • skremme, plage eller true
  • diskriminere, for eksempel håne nokon på grunn av hudfarge, religion, eller kva seksuell legning dei har
  • late som ein er ein annan på nettet
  • stele profilen til nokon Barn kan straffast frå dei fyller 15 år, men politiet etterforskar også sakene sjølv om barn er under 15 år.
  • Politiet skal kontakte barnevernet når barn gjer noko som er ulovleg.

Skadeleg å krenke eller mobbe andre

Nettmobbing er alvorleg. Dei som mobbar på nett, kan plage utan å måtte sjå reaksjonen til den personen dei skadar, og ofte bryr dei seg mindre om kor vondt det gjer.

Dei som mobbar kan plage til alle døgnets tider, og nå den som dei plagar kor som helst.

Mobbingen kan vere vanskeleg å oppdage for andre.

Det kan og vere vanskeleg å bli kvitt ting som blir lagt ut på nettet, og faren for at ting sprer seg, er stor.

Ti tips

Slettmeg.no har laga ti tips om korleis du kan takla nettmobbing. Dei finn du her.

Sei ifrå!

ill_caserTil foreldre

Foreldra dine kan ta kontakt med foreldra til dei som mobbar deg.

Foreldre skal stanse barna sine frå å mobbe andre.

Til skolen og trenarar

Dersom dei som mobbar, er nokon frå skolen din, eller om de trenar saman, så bør læraren og trenaren få vite om det som skjer.

Mobbing skadar miljøet på skolen og i idretten, og lærarar og trenarar må ta ansvar for å stanse dei som mobbar.

Til politiet

Du kan også seie ifrå til politiet.

www.politiet.no kan du tipse politiet om det som skjer med deg eller nokon du kjenner. Der kan du også anmelde saka.

slettmeg.no kan du få hjelp til å fjerne ting frå nettet.

I straffeloven står det at det er ulovleg å mobbe på nett. Du kan lese meir om det på slettmeg.no.