Gå til toppen

Når foreldre ikkje blir einige

Det viktigaste foreldra dine må bli einige om viss dei flyttar frå kvarandre er kor du skal bu. Dei må også bli einige om kor ofte du skal vere saman med den du ikkje skal bu fast hos.

Det betyr at dei må lage ein avtale.

Nokre foreldre klarar dette ganske greit. Andre synest det er vanskeleg.

Heldigvis finnes det reglar og ordningar som er til for å hjelpe foreldra dine til å finne dei løysingane som vil vere best for deg.

  • Viss du er under 16 år, må foreldra dine gå på familievernkontoret når dei skal flytte frå kvarandre.
  • Sjølv om foreldra dine kanskje er einige om det meste, må dei likevel møte på familievernkontoret.

ill_sporsmalKva skjer på familievernkontoret?

  • På familievernkontoret får foreldra dine hjelp til å avtale kor du skal bu, og kor ofte du skal vere hos den du ikkje skal bo fast hos.
  • Der vil dei også bli minna på at dei skal tenke på kva som vil vere best for deg, og at du har rett til å bli høyrt.
  • Viss du vil, og foreldra dine synest det er greit, kan du vere med til familievernkontoret. Der kan du også snakke med nokon utan at foreldra dine er tilstades.
  • Viss foreldra dine ikkje klarar å bli einige på familievernkontoret kan dei gå til domstolen. Ofte seier ein då at ein skal i retten.

Domstolen

Når saka kjem til domstolen kan den løysast på to måtar:

  • møte i retten (saksførebuande møte)
  • vanleg rettsak

Her kan du sjå ein film som forklarer litt meir:

ill_sporsmalKva skjer i eit saksførebuande møte?

  • På dette møtet i retten forsøkjer dommaren å få foreldra dine til å bli einige om den løysninga som vil vere best for deg.
  • Dommaren har plikt til å finne ut hva du tenkjer og meiner.
  • Dommeren får hjelp av ein sakkunnig.

 

ill_sporsmalKva er ein sakkunnig?

Ein sakkunnig (sakkyndig på bokmål) er ein person som dommaren har plukka ut for å hjelpe seg i saka.

Han eller ho som blir valt må kunne mykje om menneske og korleis vi tenker. Den sakkunnige må også vite mykje om barn og kva som er bra for barn. Ofte er den sakkunnige utdanna psykolog.

Det er vanleg at han eller ho snakker både med deg og foreldra dine.

Dommaren ber ofte den sakkunnige om å skrive ein rapport etter samtalane. Rapporten blir kalla ein sakkunnigrapport.

Det som er skrive i rapporten skal hjelpe dommaren til å finne ut kva som vil være den beste løysinga for deg.

Viss dommaren ikkje klarer å få foreldra dine til å bli enige, blir det ei vanleg rettssak.

ill_sporsmalKva skjer i ei rettssak?

Under rettsaka høyrer dommaren på kva begge foreldra dine meiner.

I ein rettssak har foreldre ofte med seg nokon som er einige med dei. Desse blir kalla vitne.

Dommeren må høyre på vitna også.

Du har også rett til å bli høyrt, men du skal ikkje møte opp under rettssaka. Ofte er det den sakkyndige som snakkar med deg om kva du tenkjer og meiner.

Før dommaren bestemmer seg for kva løysing som vil vere best for deg, må ho eller han først

  • høyre på hva foreldra dine har å seie
  • høyre på andre vitne
  • lese sakkunnigrapporten
  • sjå på kva loven seier
  • finne ut kva som er best for deg

Resultatet må skrivast ned, og det blir kalla ein dom.

I dommen står det litt om saka, kva som blir resultatet og om kvifor det dommaren har bestemt seg for er best for deg.

Barneombud logoBarneombodet meiner at alle barn som opplever at foreldra flyttar frå kvarandre bør få tilbod om ein eigen time på familievernkontoret.

Då kan barna snakke meir ope om kva dei tenkjer og ønskjer.