Gå til toppen

Endre avtale om bosted og samvær

Det er foreldra dine sitt ansvar å passe på at dei har ein avtale som er god for deg.

ill_caserSei ifrå!

Dine behov og ønskjer kan vere anleis enn det foreldra dine trur.

Derfor er det viktig at du seier ifrå om korleis du har det, kva du tenkjer og kva du ønskjer deg.

Mange synest det er vanskeleg å snakke med foreldra sine om dette fordi dei er redde for å såre dei.

Her finn du nokre råd om korleis du kan snakke med foreldra dine om dette:

Den vanskelige samtalen

Avtalar kan endrast

Nokre gonger er det behov for å gjere endringar på ein avtale. Det som til dømes var bra for deg då du var 10 år, fungerer kanskje ikkje like godt når du er 12 år.

Avtalar om bustad og samvær kan forandrast, men då må foreldra dine være einige i det.

ill_sporsmalKva hvis foreldra dine ikkje vil ha forandringar?

Nokre gonger klarar ikkje foreldrene å bli einige om ein ny avtale. Det kan være at ingen av dei vil, eller at berre ein av dei vil endre avtalen.

I slike situasjonar kan dei få hjelp på familievernkontoret. Hjelpa på familievernkontoret er gratis.

Du kan også vere med, eller få ein eigen time der viss du har lyst og foreldra dine synest det er greitt.

 

Retten til å bli høyrt: barnekonvensjonen artikkel 12