Gå til toppen

Kan du velje vener og kjærast sjølv?

Mange barn og unge lurer på om man kan velje vener og kjærast sjølve. Det er ikkje uvanleg å bli trist, lei seg eller sint om foreldra blandar seg for mykje i dette.

Til vanleg får barn velje venene sine sjølve. Det er bra.

ill_sporsmalNår kan foreldra blande seg inn?

Nokre gonger kan det vere riktig av foreldra å blande seg litt inn og meine noko om kven ein er saman med i fritida.

Det kan til dømes vere om ein har vener som gjer noko eller oppfører seg på ein måte som gjer foreldra bekymra. Til dømes om dei plagar andre, er valdelege eller rusar seg.

Foreldra dine må snakke med deg

Viss foreldra dine har meiningar om kven du skal være saman med og ikkje, meiner vi det er viktig at dei diskuterer tankane sine med deg før de bestemmer seg.