Gå til toppen

Kan du flytte for deg sjølv?

Foreldra dine må vere einige ill_rettighet

Det er foreldra dine som har ansvaret for deg til du er 18 år.

Om du skal flytte heimanfra før du er 18 år, må foreldra dine være einige i det.

 

Foreldra har plikt til å hjelpe deg

Om ein flyttar frå heimen for å gå på skule, kan ein i nokre tilfelle søke om stipend hos lånekassa. Lånekassa gir lån og stipend til personar som går på skule eller studerer på eit universitet.

Hvis foreldra dine synest det er greitt at du flyttar for deg sjølv, til dømes fordi du skal begynne på videregåande skule, har dei plikt til å forsørgje deg fram til du er ferdig på videregåande.

Det betyr mellom anna at:

  • dei må hjelpe deg slik at du har pengar til mat, husleige og andre ting som trengs i kvardagen.
  • dei må skrive under på leigekontrakten om du skal leige ein plass å bu.

ill_caserTreng du hjelp?

Om du har det vanskeleg heime og meiner at du ikke kan bu der, kan du kontakte barnevernet.

Då vil barnevernet finne ut om du framleis kan bu heime, eller om det er andre måtar å hjelpe deg på.