Gå til toppen

Kva bestemmer du heime?

Bli høyrt!ill_caser

Foreldra dine har plikt til å høyre på deg før dei tar avgjerder for deg.

Det betyr at dei skal snakke med deg og høyre kva du synst.

Jo eldre du blir, jo meir kan du vere med på å bestemme.

Foreldra dine har plikt til å ta avgjerder for deg. Noko er det naturleg at du får bestemme sjølv. Det kan for eksempel vere kva slags klede eller hårsveis du skal ha, eller kva du skal ha på brødskiva.

Andre ting er det meir naturleg at foreldra dine bestemmer. Det kan for eksempel vere når du skal komme inn på kvelden og kor mykje tid du kan bruke på sosiale medium.

Viss du opplever at foreldra dine tvingar deg til å vere med på fritidsaktiviteter som du ikkje vil, kan det vere ein god idé å snakke med dei om det. Jo eldre du blir, jo meir skal meininga di telje. Men det er likevel forelda dine som har ansvaret for å ta ei avgjerd, og som bestemmer til slutt.

Vi trur at det «å møtast på midten» er ei god løysning når det gjeld mange ting.

Vi har laga nokre gode råd om å snakke med vaksne om ting som kan vere vanskelege. Du kan lese meir om det her.

Lenke til side om den vanskelige samtalen

ill_rettighetFram til du er 18 år er det foreldra dine som bestemmer over deg. Det er fordi dei har ansvar for deg.

Før foreldra dine bestemmer seg, skal dei alltid tenke på kva som vil vere det beste for deg.

Når du har fylt 12 år, skal meningane dine telje mykje.

I Rettigheitsplakaten står det om rettigheitene dine etter alder.

Barn sin rett til å bli høyrt: Barnekonvensjonen artikkel 12.

I barnelova §§ 31 og 33 står det om barn sin rett til å bli høyrt.