Gå til toppen

Kan foreldra dine tvinge deg til å jobbe?

ill_rettighetForeldra dine kan ikkje tvinge deg til å jobbe, men dei kan anbefale deg å jobbe litt ved sidan av skolen.

For mange kan det være nyttig erfaring å tene eigne pengar, og å lære seg verdien av å jobbe.

 

ill_caserSei ifrå!

Foreldra dine skal ikkje legge så mykje press på deg at du føler deg tvungen til å jobbe.

Opplever du den situasjonen, er det viktig at du seier ifrå om at dette ikkje er greit.

Her får du tips til korleis du kan snakke med foreldra dine: Den vanskelege samtalen.

 

I vergemålslova § 10 står det at foreldra dine ikkje kan tvinge deg til å jobbe.