Gå til toppen

Artikkel 26 – Om økonomisk hjelp

«Alle barn har rett til økonomisk hjelp viss dei treng det.»

Kva betyr dette?

Nokre foreldre har ikkje nok pengar til å leve for. Då skal familien få hjelp, slik at barna skal få ein trygg og god oppvekst, og at dei får råd til å kjøpe mat, klede og andre viktige ting.

Her er ein videoversjon av artikkel 26:

Sjå fleire videoar på kanalen Barnekonvensjonen på YouTube

Viss du vil lese heile artikkelen slik den står i lova, klikkar du på lenka under her.

Du kan også ta ein kikk på Barnekonvensjonen på den delen av nettstaden som er mest for vaksne.