Gå til toppen

Artikkel 24 – Helse

«Alle barn har rett til eit godt helsetilbod.»

Kva betyr dette?

Dersom du er sjuk, psykisk eller fysisk, har du rett på hjelp til å bli heilt frisk igjen. Dei som bestemmer i Noreg, skal jobbe for at kommunen du bur i har ei skulehelseteneste som du kan få hjelp frå når du treng det, også til andre ting enn berre vaksinar og vanlege sjukdommar.

Dei som bestemmer i Noreg, skal sørge for at det blir slutt på helsefarlege tradisjonar. Er du på sjukehus, har du rett til å få ei behandling som hjelper deg og som passar for barn.

Her er ein videoversjon av artikkel 24:

Sjå fleire videoar på kanalen Barnekonvensjonen på YouTube

Viss du vil lese heile artikkelen slik den står i lova, klikkar du på lenka under her.

Du kan også ta ein titt på Barnekonvensjonen på den delen av nettstaden som er mest for vaksne.