Gå til toppen

Artikkel 22 – Flyktningbarn

«Barn har rett til ekstra vern viss dei er flyktningar.»

Kva betyr dette?

FN har eigne reglar for menneske som er på flukt frå det landet de kjem frå. Barn skal vernast spesielt. Dei skal få hjelp viss dei er sjuke, og hjelp til å få ein stad å bu.

Er barn på flukt aleine, skal dei få hjelp til å finne igjen foreldra sine, eller bli tatt vare på av andre.

Her er ein videoversjon av artikkel 22:

Sjå fleire videoar på kanalen Barnekonvensjonen på YouTube

Viss du vil lese heile artikkelen slik den står i lova, klikkar du på lenka under her.

Du kan også ta ein kikk på Barnekonvensjonen på den delen av nettstaden som er mest for vaksne.