Gå til toppen

Artikkel 2 – Ikkje-diskriminering

«Alle barn har rett til vern mot diskriminering.»

Kva betyr dette?

Det spelar inga rolle kor du kjem frå, kva hudfarge du har, kven du forelskar deg i, om du er funksjonshemma, kva kjønn du er, eller kva du trur på. Ingen har rett til å gjere forskjell på deg og andre. Ingen skal utsetje deg for anleis eller urettferdig behandling fordi du er den du er.

Her kan du sjå ein videoversjon av artikkel 2 i Barnekonvensjonen:

 

Sjå fleire videoar på kanalen Barnekonvensjonen på YouTube

Viss du vil lese heile artikkelen slik den står i loven, klikkar du på lenka under her.

Du kan også ta ein kikk på Barnekonvensjonen på den delen av nettstaden som er mest for vaksne.