Gå til toppen

Artikkel 12 – Om å seie meininga si

«Alle barn har rett til å seie meininga si, og deira meining skal bli tatt på alvor.»

Kva betyr dette?

Alle barn i Noreg skal få seie meininga si, og dei skal bli lytta til. Det kan vere på skulen med lærarar og andre elevar, eller det kan vere heime med foreldre og andre søsken.

Det kan også vere på fritida og på dei aktivitetane du driv med der. Sjølv om det ikkje alltid blir slik du vil, skal du få seie meininga di. Etter kvart som du blir eldre, skal foreldra dine og andre vaksne høyre meir og meir på deg.

Her kan du sjå ein videoversjon av artikkel 12:

Sjå fleire videoar på kanalen Barnekonvensjonen på YouTube

Viss du vil lese heile artikkelen slik den står i lova, klikkar du på lenka under her.

Du kan også lese meir om Barnekonvensjonen på den delen av nettstaden som er mest for vaksne.