Fleire ungdommar i fengsel er feil veg å gå

Dette lesarinnlegget frå barneombod Inga Bejer Engh har i romjula og på nyåret stått på trykk i fleire lokalaviser i Noreg.

Fleire ungdommar i fengsel er feil veg å gå

Det siste året har vi sett mange saker i media om alvorleg ungdomskriminalitet og gjengar som rekrutterer barn og unge. Det er lett å forstå kravet om strengare reaksjonar òg for dei under 18 år, men meir bruk av fengsel er ikkje løysinga.

Justisminister Tor Mikkel Wara har teke til orde for å fengsle fleire ungdommar. Barneombodet er ikkje imot tydelege reaksjonar, men å fengsle fleire vert som å rykka tilbake til start.

I 2012 vedtok Stortinget lovendringar som heva terskelen for å fengsle ungdommar. Bakgrunnen for dette var at vi no veit at fengsel verken er ei god løysing for dei unge lovbrytarane eller for samfunnet. I verste fall kan det vera starten på ein alvorlige kriminell karriere.

I staden for fengsel, må vi styrke innsatsen for å førebygge at ungdom gjer kriminelle handlingar. I tillegg må reaksjonane til samfunnet overfor unge lovbrytarar vere retta inn mot rehabilitering, ikkje tradisjonell straff. Vi må derfor forbetre og styrke alternativ til fengsel.  Det er på tide å sjå på moglege endringar av struktur og innhald i ungdomsstraffa.

Ein føresetnad for lovendringane i 2012 var at andre tenester skulle førebus til å handtere fleire unge lovbrytarar som ofte har store, samansette problem. Vald, skadeleg seksuell åtferd og rus krev gode og målretta tiltak. Barnevern og andre tenester har ikkje fått tilført nok kompetanse og ressursar til å ivareta ungdommar som tidlegare vart sett i fengsel.

I 2019 håper eg vi får ein brei debatt om heilskapen i tiltaka vi har overfor unge lovbrytarar. Vi må satse meir på førebygging og bygge ut tiltak som er eigna til å hjelpe ungdommane bort frå kriminalitet så fort som mogleg. Fengsel må enno vere aller siste utveg for denne gruppa.

Inga Bejer Engh, barneombod

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *