Inga Bejer Engh har starta som barneombod

Måndag 13. august hadde Inga Bejer Engh den første dagen sin som barneombod. Ho gleder seg til å jobba for rettane til barn dei neste seks åra.

– Eg er veldig glad for at eg dei neste åra skal jobba for at barn og unge får det best mogleg, seier Bejer Engh.

Allereie på sin første arbeidsdag skal Bejer Engh intervjuast av barn når Aftenposten junior kjem på besøk.

Vil påverka systemet

Ho har dei siste åra som jobba som domar i Oslo tingrett. Der har ho jobba mykje med enkeltsaker som handlar om barn.

No ynskjer ho å gjera noko for å påverka systemet utover den enkelte saka.

– Korleis ein har det som barn tyder mykje for korleis får det som voksen, seier Bejer Engh.

Ho har allereie signalisert at ungdomskriminalitet vil verta eit viktig område i perioden hennar som ombod.

No skal ho bruka dei neste vekene saman med kontoret til å finna kva ut som vert andre viktige område framover.

Deltek på Arendalsuka

Allereie tysdag dreg det nye ombodet til Arendalsuka.

Ho skal ikkje sjølv delta på nokon av programpostane, men fleire av rådgjevarane hos Barneombodet skal delta på ulike arrangement.

Invitasjonar til det nye ombodet kan sendast til post@barneombudet.no

Pressehenvendelser handsamast av pressekontakt Kari Stenquist, 977 44 369. 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *