To fylke vart til eitt: – God stemning var heilt avgjørande

Nord- og Sør-Trøndelag har vorte eitt fylke. Dét skjedde med god deltaking frå ungdomane, men prosessen var ikkje berre enkel.

– Dette kjem aldri til å gå bra. Nye Trøndelag kjem aldri til å ha ungdomsmedverknad, var tanken min etter det første møtet vi hadde.

Det seier Hilde B. Bach som er leiar i Ungdomen sitt fylkesutval i Trøndelag. Saman med 2. nestleiar Olav Erland fortalde ho sist veka oss i Barneombodet om korleis samanslåinga av dei to fylka gjekk for seg.

Måtte forstå kvarandre

Etter det første møtet, der både stemning og kjensla var dårleg i ettertid, gjekk det berre éin veg. Det var heldigvis oppover.

– På neste samling klarte vi å skapa god stemning i gruppa, noko som var heilt avgjerande. Det gjorde det mykje enklare å forstå kvarandre, seier Bach.

To heilt ulike modellar i Nord- og Sør-Trøndelag skulle slåast saman til éin felles modell. Prosessen har gått fort, og ungdomane er nøgt med eigen deltaking. I periodar har dei følt på manglande forståing frå politikarar og administrasjon, medan det i andre periodar har vore heilt motsett.

– Vi vart teken inn tidleg, og fylka har ynskt at vi skulle vera med på prosessen, seier Erland.

Kombinerte to modellar

Frå 1. januar 2018 var nye Trøndelag fylkeskommune i drift. Ønsket til ungdomane var å kombinera ein modell frå Nord-Trøndelag med ungdomskonferanse, og modellen frå Sør-Trøndelag med Ungdomens fylkesting og Ungdomens fylkesutval. På vegen vart ungdomskonferansen borte.

– Det er eit veldig stort engasjement blant ungdomane, og Ungdommens fylkesting ser ut som ein suksess. Men vi jobbar for å få ungdomskonferansen tilbake, seier Bach.

No opplever Trøndelag stor interesse frå andre fylke som skal i gang med samanslåingar. I april er difor alle fylka invitert til ei samling på Stjørdal der det beste og det verste frå samanslåinga i Trøndelag skal presenterast.

Tre gode råd

Dette er dei beste råda ungdomane frå Trøndelag har til dei som skal slå seg saman seinare:

1 . Ta dykk god tid

2 . Vêr open for forandringar

3 . Stå på deira mot politikarane. Femte gong ein foreslår noko så kan svaret verte ja.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *