– 16-åringane er klare for å få stemmerett

– Det har vore nok forsøk med stemmerett for 16-åringar. Evalueringa av forsøka viser at 16—og 17-åringar må få stemmerett ved lokalval, seier barneombod Anne Lindboe.

Evalueringa av stemmerettsforsøket for 16-åringar i 2015 presenterast måndag 28. november. Evalueringa er utført av ISF på oppdrag for KMD, og vis mellom anna at:

  • 16- og 17-åringar stemmer i større grad enn andre fyrstegongsveljarar
  • Deltaking frå unge veljarar gjer fleire unge i kommunestyra
  • Dei unge stemmer ganske likt som vaksne.

Hos Aftenposten kan du lese ein kronikk skreve av forskarane som står bak evalueringa.

Vil styrke demokratiet

– 16- og 17-åringar har alle føresetnader for å stemme. Dei har fullførd  obligatorisk skulegang, dei er gamle nok til å betale skatt, og det kan bli fengsla om dei bryt lova, seier barneombod Anne Lindboe.

– Å senke stemmerettsalderen ved kommune- og fylkestingsval vil vere ein utviding av demokratiet, og ein fin måte å skape gode vanar tidlig. Evalueringa vis også at ein sikrar ein yngre representasjon i kommunestyra. Dette er ein styrke for demokratiet, seier Lindboe.

Det var også forsøk med stemmerett for 16-åringar i 2011. Mange fleire kommunar enn dei som fekk delta i forsøka i 2011 og 2015 søkte om å få delta, noko som viser at lokalpolitikarar rundt om i landet ser verdien av å inkludera ungdommen.

Kommunane vil

167 kommunar har også latt 16-åringane delta i folkeavstemmingar om kommunesamanslåingar.

– Kommunar vel altså å gje ungdom stemmerett når dei sjølv kan bestemme. Det tyder på at mange vaksne sjølv har gått gjennom ein modningsprosess. For mange fell det heilt naturlig å tenke at dei som skal leve med endringane skal få vere med å bestemme dei endringane, seier Lindboe.

Ung stemmerett fungerar

Lindboe får støtte for synet sitt frå mellom anna Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU):

– Kommunalminister Jan Tore Sanner må lytte til forskinga som vis at stemmerett for 16-åringar fungerer, og til kommunane som seier dei vil innføre det, seier styreleder i LNU, Stian Seland.

– Vi veit at stemmerett for 16-åringar fungerer. Her er det statsråden som står i vegen for utviding av demokratiet, seier Seland.

Positive forskarar

Dei som har forska på dei to forsøka ser ikkje nokon grunn til å ikkje innføre stemmerett for 16-åringar. Dei konkluderer med at å senke stemmerettsalderen vil gje få konsekvensar for det norske demokratiet.

– Dei som frykter negative konsekvensar av å gje så unge personar stemmerett, har ikkje så mykje å frykte, mens dei som håper på positive endringar, godt kan dempe sine forhåpningar, seier Johannes Bergh, som har leda forskinga, til NTB. Artikkelen finn du mellom anna i Dagsavisen.

– Forutan å styrke unges kunnskap om politikk og demokrati, er det viktig å gje alle unge dei same føresetnadene til å seie si meining og delta i lokaldemokratiet, heiter det i rapporten.

Les meir om vår meining om stemmerett for 16-åringar her.

Her kan du lese rapportane i sin heilhet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *