Ein domstol for barn og unge

Nokre gonger kjem barn og unge i kontakt med domstolane i Noreg. Det betyr at dei må møte i ei rettssak, eller møte personar som jobbar med lover og reglar. Domstolane er dei som dømmer når for eksempel to personar er så ueinige om noko at dei treng hjelp frå nokon som kan mykje om lovene og reglane i samfunnet.

Mange barn og unge opplever at foreldra deira skal flytte frå kvarandre. Heldigvis er det slik at mange foreldre klarar å vere venner og finne gode løysingar for kor barna skal bu, og korleis dei skal få tid saman med begge foreldra, men nokre gonger er det slik at dei ikkje klarar bli einige om dette.

Viss foreldre ikkje klarar bli einige om kor barna skal bu, eller om samværet med foreldra, hender det at dei tar saka til domstolen. Då er det viktig at barna får seie meininga si. Vi i Barneombodet har hatt eit seminar om dette saman med Domstoladministrasjonen. Det er dei som jobber med domstolane i Noreg.

Vi diskuterte korleis barn og unge kan bli høyrde i domstolane, og korleis vi kan gjere det lettere for unge personar som må i ein rettssak. Veit dei kva som skal skje i ei rettsak, eller korleis dei skal oppføre seg?

Vi har snakka med barn og unge om korleis dei opplevde det då foreldra deira ikkje skulle vere saman meir, og kva som ikkje fungerte. Vi har også snakka med ein gut som har vore med på ei rettsak.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *