Statsbudsjettet 2015 – Kva handlar det om?

Onsdag 8. oktober blir statsbudsjettet for 2015 lagt fram. Statsbudsjettet er ein stor pengesekk. Kvart år blir pengesekken fylt opp på nytt med pengar frå alle dei som betalar skatt og frå olje og gass som vi sel til utlandet. Statsbudsjettet er ei oversikt over kva Noreg skal bruke pengar på. 

Sjefen for pengesekken
Det er Siv Jensen som er finansminister i Noreg. Ho og regjeringa lagar eit forslag til kva vi skal bruke 1000 milliarder kroner på. Siv er sjefen for økonomien i Noreg. Det er ho som har ansvaret for at Noreg ikkje brukar for mykje penger, og at vi fortset å tene pengar.

Pengane i statsbudsjettet skal brukast på skole, sjukehus, vegar og mange andre ting. Etter at Siv og regjeringa har komme med sitt forslag, bestemmer Stortinget til slutt.

Stortinget må bestemme til slutt
Som oftast er Stortinget einig i nesten alt regjeringa foreslår, men nokre gonger vil dei forandre litt. Kanskje vil dei at skolar og sjukehus skal få endå meir. Då kan dei komme med eit forslag om det.

Viss nokon skal få meir, er det andre som må få mindre. Då må politikarane i Noreg diskutere og bli einige om det.

Meir penger til skolehelsetenesta? 
Vi hos Barneombodet har blant anna foreslått til parti på Stortinget at det er viktig med pengar til skolehelsetenesta.

I denne videoen kan du sjå meir om statsbudsjett og korleis det fungerar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *