Barneombodet på Sjumilsstegskonferanse

Vi har vore på sjumilsstegkonferanse på Hurtigruta. Turen gjekk frå Bodø til Tromsø og mange representantar frå Fylkesmannskontora presenterte korleis dei arbeider med prosjektet.

Prosjektet
Sjumilssteget er eit prosjekt frå Fylkesmannensom går ut på å hjelpe kommunar i Noreg til bli flinkare til å bruke barnekonvensjonen og høyre på barn og unge når dei skal bestemme ting i kommunen.

Du kan lese meir om Sjumilssteget her.

No er det berre to fylker som ikkje bruker Sjumilssteget. Det er Hordaland og Hedmark.

Barnekonvensjonen er viktig
Barnekonvensjonen er ein del av norsk lov, og det er veldig viktig at barn og unge får være med å bestemme ting der dei bur.

Sjumilssteget begynte hos Fylkesmannen i Troms, og no sprer prosjektet seg til flere andre fylke i landet. Vi håpar at alle fylka i landet let barn og unge være med å bestemme! Visste du at det er 19 fylker og 429 kommunar i Noreg?

På Facebook sia til Sjumilssteget kan du sjå ein film frå når Hurtigruta kom til Finnsnes i Lenvik kommune. Heile 7. klasse frå Finnsnes barneskule sang antimobbesangen. Du kan også sjå dei på biletet på toppen av denne saka.

Her kan du sjå filmen

Her kan du lese meir om det spennande arbeidet med ‘Jobbing mot mobbing’ i Lenvik kommune

Ordforklaring
*Fylkesmannen er ei dame eller ein mann som har ansvaret for å passe på at kommunane følgjer de lovane og reglane som gjeld der. Fylkesmannen er også eit kontor med rådgivarar som kan gi råd og rettleiing om korleis du skal gå fram viss du vil klage på at du ikkje får oppfylt dei rettane du har krav på. Det kan for eksempel være på skulen, i barnevernet eller i helsetenesta.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *