Er det greit å kalle nokon «homo»?

På laurdag 21.06 skal vi være med å diskutere barn som blir mobba på skulen på grunn av legning og kjønnsuttrykk. Diskusjonen er ein del av Europride 2014 og skal være på Litteraturhuset i Oslo.

Lenke til Europride 2014

Lenke til Litteraturhuset

Alle menneske har ei legning. Det betyr kven vi likar, blir tiltrekt av eller blir forelska i. Mange likar personer som er eit anna kjønn enn dei sjølv, mange likar også nokon som er samme kjønn som seg sjølv og nokre likar også begge delar. Nokre har ein kropp med eit annet kjønn enn dei føler seg heime i. I ungdomstida er veldig mange usikre på kven dei er eller kva legning dei har. Alle typar legningar og kjønnsuttrykk er heilt normale.

Mange barn og unge som er anleis blir kalla «homo» eller andre ting som har med legning å gjøre. Nokre brukar «homo» som skjellsord eller plagar dei som er anleis enn dei sjølv. Dette er mobbing og trakassering. Skulen skal passe på at barn og unge ikkje blir mobba og trakassert.

Vi og Likestillings- og diskrimineringsombodet vil sjå nærare på kvardagen til skulebarn, og kva som bør gjerast for å sikre alle barn lik rett til skulegang, uavhengig av kjønnsuttrykk og legning.

Har du spørsmål om legning og identitet kan du ringe ungdomstelefonen på 810 00 277.

Lenke til Skeiv ungdom

Her kan du følgje heile diskusjonen direkte på laurdag frå kl 12.30.

Her kan du lese mer om arrangementet:

Lenke til side om arrangementet 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *