Barneombussen på besøk i Vinje

Anne og rådgivarane har vore på besøk med barneombussen i Vinje i Vest-Telemark.

Fyrste stopp var Rauland Skule. Her møtte dei elevar frå 4.-7. trinn.

Elevane hadde mange gode spørsmål om barnerettane og barneombodet. Anne og rådgivarane fekk også ete lunsj med dei etterpå. På Rauland har dei fast skulemåltid kvar dag og varm mat to gonger i veka.

«Det var så gøy å få møte elevene på Rauland skole. De var veldig ivrige og hadde mange gode spørsmål. Etterpå fikk vi deilig lunsj,» sa Anne etter besøket.

Her kan du lese artikkelen i Vest-Telemark blad om besøket.

Etter besøket på Rauland skule kjørte dei vidare til Åmot skule. Her møtte dei elevar frå 4.-9. trinn.

På Åmot skule var elevane veldig opptekne av lekser. Dei mente at dei hadde for mykje lekser.

Ein annan ting dei var opptekne av var retten til privatliv. Her kan du lese fleire spørsmål om privatliv. Barn og unge har rett til privatliv, det betyr at foreldra dine ikkje kan krevje å få vite ting om deg med mindre dei er bekymra for at du gjer noko ulovleg eller farleg.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *