Besøk av Barne-, likestillings- og inkluderingsministeren

I dag har vi hatt besøk av Barne,- likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne.

Ho jobbar sammen med mange andre i barne,- likestillings- og inkluderingsdepartementet. Dei er ein del av regjeringa, og jobbar politisk for at barn og unge skal ha det bra og bli inkludert i samfunnet. Det er også ein del av jobben deira å passe på at familiar har ein stad å gå viss dei treng hjelp.

Ein annan ting ho jobbar med, er at menneske som innvandrar til Noreg skal ha det bra og bli ein del av samfunnet.

Vi hos Barneombodet vil gjerne at Solveig skal jobbe politisk for at det skal bli eit betre familievern. Vi vil at barn skal få tilbod om ein eigen time ved familievernkontoret, og at dei skal få lov til å seie meininga si og bli høyrt når foreldra ikkje skal vere sammen lenger.

«Det var gøy å møte barneministeren og flere fra hennes kontor, det var mange spennende diskusjoner om barnas beste,» sa Anne etter møtet.