Barneombodet i Afrika

10. januar reiste Anne Lindboe til Kenya og Uganda for å hjelpe med å få etablert barneombod i desse landa.

I Noreg er vi så heldige at vi har hatt barneombod heilt sidan 1981, i Kenya og Uganda har dei ikkje noko barneombod, og det er viktig å gjere noko med.

Med seg på reisa hadde Anne nestleiar Knut Haanes, barnepsykolog Magne Raundalen, psykolog og professor Willy-Tore Mørch og Ivar Stokkereit frå UNICEF Norge. Dei var i Afrika i seks dagar.

Medan dei var i Afrika møtte dei myndigheitene i dei to landa og diskuterte korleis ein best kan passe på at barn og unge har det bra.

Her kan du sjå litt om korleis barn i Kenya har det. Viss du held pila over dei fargerike figurane kjem det opp tal og informasjon.